Vidar Lund, Leder i Norsk bibliotekforening. Foto: Nikolaj Blegvad

Bibliotek er lokalpolitikk

Meninger: Dette innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og gir uttrykk for skribentens holdninger.


Av: Vidar Lund, Leder i Norsk bibliotekforening.

Biblioteket er ein fantastisk institusjon. Det fremmer bøker og lesing, kunnskapsformidling, kjeldekritikk, digital læring, debatt og ytringsfridom og er ein møteplass open for alle. Alle kommunar har eit folkebibliotek. Alle skular har eit skulebibliotek. Det står i lovene våre. Likevel opplever innbyggarar og skuleelevar kvar dag at dei ikkje har tilgang til gode nok bibliotektenester. Dette er noko lokalpolitikarane styrer. Dei bestemmer kor mange stillingar, kor store budsjett og kor store lokale biblioteka har.

Gjennom å satse på biblioteket får lokalsamfunnet igjen

-          Gratis møteplass på tvers av generasjonar

-          Ein arena for ytringsfridom og demokrati

-          Betre folkehelse og sosial berekraft

-          Meir lesing for kunnskap og glede

-          Digital tilgang og kompetanse

I dag brukar norske kommunar i gjennomsnitt litt over 300 kr per innbyggar på biblioteket. Når vi samanliknar oss med våre nordiske kollegaer ser vi at potensialet er utruleg mykje større. Finske kommunar brukar dobbelt så mykje pengar på biblioteka som norske kommunar. Det gir resultat i større bibliotekbruk, meir leseglede og høgre kunnskapsnivå.

Eit bibliotek med nok tilsette, stort nok areal og eit godt innkjøpsbudsjett er ein fantastisk ressurs for lokalsamfunnet sitt. Når storbyane Oslo, Bergen, Trondheim og Stavanger alle satsar på nye bibliotekfilialar er det ikkje for å sløse pengar. Det er fordi byane ser at ein får mykje att for pengane i form av inkluderande lokalsamfunn og leselyst. 

Skulebiblioteka er òg eit lokalt ansvar. Det er opp til kvar enkelt kommune å sørge for at skulane har nok ressursar til å gje eit skikkeleg skulebibliotektilbod. Skilnadene er enorme, sjølv om det same trengst over alt: skulebibliotek som inneheld bøker, aktivitetar og tilsette som styrkjer skulen sitt lærings- og danningsoppdrag. Skal alle ungar ha lik sjanse til å nå dit dei vil og kan i løpet av skulegangen må skulen ha skulebibliotek med ein skulebibliotekar som kan gje målretta lesestimulering og finne dei rette bøkene til den enkelte eleven.

28. august til 3. september er det nasjonale bibliotekdagar. Då markerer bibliotek over heile landet seg med politiske debattmøte, høgtlesing, eventyrstunder, popup-bibliotek og andre aktivitetar. Ei veke etter er det kommune- og fylkestingsval. Eg vil oppmode deg til å spørje kandidatane som står på stand i valkampen: kva vil dei gjera for å få eit endå betre folkebibliotek i kommunen? For å sikre at ungane får gode skulebibliotek? Ver med og bidra til at dei nye kommunestyra får politikarar som set bibliotek høgare opp på dagsordenen. Godt val!

Debatt
NordSalten Avis oppfordrer leserne til saklig debatt!
Tenk over hva man skriver og vis hensyn. Kommentarfeltet overvåkes av våre moderatorer. Grove overtredelser av normal debattskikk kan straffes med utestengelse.